Opningsstider
| Kvardagar | 05.45 - 23.15 |
| Laurdag | 05.45 - 23.15 |
| Søndag | 11.30 - 23.00 |

Når du pakkarReglane for kva du kan ha med om bord er skjerpa. Hovudregelen er at det ikkje er tillate å ta med væske igjennom tryggleikskontrollen, men du får kjøpt drikke ol. på innsida av tryggleikskontrollen.
Det finst unntak frå regelen som gjer at du kan ha med små mengder flytande toalettsaker, medisinar eller barnemat inn i flyet. Kvar behaldar kan romme maksimalt 100 milliliter (ml), og alle behaldarane må få plass i éin gjennomsiktig éin-liters pose. Behaldarar som rommar meir enn 100 ml blir kasta uavhengig av kor mykje væske dei inneheld.
Spisse og skarpe gjenstandar må sendast i innsjekka bagasje. Kle deg i klede og sko utan mykje metall. Då slepp du å sende dei gjennom røntgenkontrollen, og sparer tid.
Kontakt flyselskapet ditt for spørsmål om bagasjevekt.
Møt opp i god tidSyt for at du kjem til flyplassen tidleg nok. Kor lenge før avgangen du må møte varierer frå flyselskap til flyselskap, så hugs å sjekke kva tid som gjeld for deg. Dei vanlegaste oppmøtetidene er:
Innanlands: seinast 1 time før avgang
Utanlands: seinast 1 ½ time før avgang
Charter: seinast 2 timar før avgang
På charterflygingar stengjer ofte innsjekkinga éin time før avgang. Hugs at det i ferieperiodar er ekstra viktig å møte opp i god tid.
InnsjekkingBruk gjerne dei sjølvbetente innsjekkingsautomatane i innkomsthallen, dersom desse finnes på lufthavna. Fleire flyselskap tilbyr innsjekking via Internett eller mobil.
Ha pass eller ID-kort klart.
Sjå gjennom handbagasjen før du sjekkar inn. Er du usikker på kva du kan ta med, spør beteninga.
Sjekkar du inn i skranke? Finn riktig skranke ved å lese på tavler innkomsthallen.
Før tryggleikskontrollenBruk eit minutt på å gjere klar tinga dine før du stiller deg i køen til tryggleikskontrollen.
Finn fram posar med væsker/kremar. Har du ikkje pakka på førehand, kan du gjere det no.
Legg nøklar, myntar, mobiltelefon og andre metallgjenstandar i bag/ryggsekk/jakke.
Ta av belte og sko som inneheld metall. Då unngår du utslag i metalldetektoren.
Legg datamaskiner og andre større elektroniske artiklar (t.d. store kamera) i plastøskjene du finn ved inngangen til tryggleikskontrollen.
Til betre førebudd du er, til raskare går køen.
| Kvardagar | 05.45 - 23.15 |
| Laurdag | 05.45 - 23.15 |
| Søndag | 11.30 - 23.00 |