Opningstider
| Kvardagar | 05.30 - 23.30 |
| Laurdag | 06.00 - 16.00 |
| Søndag | 11.00 - 23.00 |

Ved å ta nokre enkle forholdsreglar kan du sikre ei hyggeleg reise for både store og små.

Barnevogner er rekna som spesialbagasje. Slik gjer du:
Barnevogna skal sjekkast inn i skranke på vanleg måte. Her får du ein eigen bagasjelapp til barnevogna.
Vogna må deretter takast med til ein eigen innsjekk for spesialbagasje, der du kan kjøpe ein pose som vernar barnevogna.
Bagasjelappen skal festast godt synleg utanpå plastposen.
NB! Paraplytriller (barnevogner ein kan slå saman som ein paraply) kan i enkelte tilfelle takast med som handbagasje, men ver merksam på at dette avheng av flyselskapet. Sjekk derfor med flyselskapet ditt i god tid før avreise.
Hovudregelen er at det ikkje er tillate å ta med væske ombord. Men du har likevel lov til å ta med mat og drikke til barnet ditt for bruk på reisa. Barnematbehaldarar kan innehalde meir enn 100 ml, og treng heller ikkje pakkast i gjennomsiktige plastposar som kan forseglast - slik reglane er for anna væske.
Du må vere budd på å måtte smake på innhaldet i tryggleikskontrollen (for å bevise at det faktisk er barnemat). Vi rår deg til å ha barnemat lett tilgjengeleg i handbagasjen, og vise han uoppmoda når du går gjennom tryggleikskontrollen.
Barn kan reise åleine frå dei er fem år. Barn mellom fem og 12 år som reiser åleine får ei mappe med reiseinformasjon som dei må bere synleg under heile reisa. Mappa blir utferda av flyselskapet ved innsjekking.
Dersom barn som reiser åleine må skifte fly, blir dei passa på av flyselskapet.
Med eit følgjebevis kan éin føresett følgje barn som reiser åleine innanlands heilt ut til flyet. Følgjebevis blir utferda av innsjekkingspersonalet mot framvising av legitimasjon med bilete. Spør om følgjebevis når du sjekkar inn for barnet ditt. Ved framkomst ventar dei føresette på barnet utanfor bagasjehallen.
Meir informasjon finn du på nettsidene til flyselskapa:
For andre flyselskap, sjå nettsidene deira.
InnanlandsEr du under 18 år og i følgje med ein vaksen, treng du ikkje å vise fram eige ID-kort. Barn eldre enn 12 år, som reiser åleine, må i utgangspunktet vise ID-kort. Når barn reiser åleine utan ID-kort, kan flyselskapet syte for andre alternativ som sikrar kontroll. Desse kan blant anna følgjast av personell frå flyselskapet frå innsjekking til ombordstiging. Kontakt flyselskapet ditt for avtale.
Barn uansett alder skal ha eige pass ved reise utanlands, og blir ikkje lenger førde inn i foreldra sine pass. Sjå korleis du søkjer om pass for barn på politiet sine nettsider.
Sist oppdatert 7. november 2011
| Kvardagar | 05.30 - 23.30 |
| Laurdag | 06.00 - 16.00 |
| Søndag | 11.00 - 23.00 |