Slik søkjer du om tilgangskort til lufthamn

Det er eit krav om at alle som skal ferdast på lufthamnene våre skal ha utferda tilgangkort.

Krava som ligg til grunn for å få utferda tilgangskort er som følgjer:

  • Behovet for tilgangskort må vere dokumentert i rekvisisjon.

  • Rekvisisjon må vere utferda og underskriven av ein rekvirent som på førehand er godkjend av lufthamna. Sjekk med eigen arbeidsgjevar kven som er den godkjende rekvirenten i firmaet.

  • Dei lokale krava om nødvendig godkjend opplæring innan security, safety, HMS må vere gjennomførde før tilgangskortet kan utferdast. Krava varierer ut frå kva tilgangar på lufthamna det blir søkt om.

  • Det må liggje føre ei godkjenning av bakgrunnssjekk for kortsøkjar før ID-kort kan utferdast.

  • Godkjenninga blir gjord av Luftfartstilsynet. For meir informasjon gå til Luftfartstilsynet sine nettsider.

For utfyllande detaljer kan ein kontakte den enkelte lufthamna.

Dersom førespurnaden gjeld tilgang til fleire lufthamner skal førespurnaden rettast til:

ID-kontoret
Adresse:Oslo Lufthavn AS, PB 100, 2061 Gardermoen 
Telefon:64 81 20 25
Faks:64 81 35 25
E-post:idkontor@osl.no
  
Opningstider 
Mondag-Torsdag06.00-23.00
Fredag06.00-21.00 
Laurdag07.00-19.00 
Sundag09.00-21.00