Regelverk for lufttrafikk
Gjennom internasjonale og nasjonale røynsler er eit omfattande regelverk utvikla i samarbeid med alle instansar og aktørar innan sivil luftfart.
Internasjonalt regelverk
Det internasjonale regelverket for sivil luftfart er likt for alle land. Alle land med sivil luftfart har slutta seg til den FN-baserte organisasjonen for sivil luftfart, International Civil Aviation Organization (ICAO).
Europa har i tillegg sitt eige felles, europeiske avgjerdsorgan for sivil luftfart, European Aviation Safety Agency (EASA) med sete i Köln i Tyskland. EASA fungerer også som ein fellesnemnar for alle EU- og EØS-landa sine luftfartsorgan, som på stadig fleire område blir å sjå som nasjonale underavdelingar.
Nasjonalt regelverk
Luftfartstilsynet har ansvaret for å gje ut forskrifter som baserte på Luftfartslova skal regulere alle delar av den sivile luftfarta i Noreg. Desse heiter "Bestemmelser for Sivil Luftfart (BSL)", og er tilgjengelege på Luftfartstilsynet sine nettsider.
Avinor sitt regelverk
Alle tryggleikskritiske arbeidsoperasjonar er underlagde eit regelverk sett saman av handbøker, prosedyrar og instruksar. Det sentrale regelverket er felles for alle i konsernet, og er tilgjengeleg for kvar enkelt tilsett / innleigde konsulentar på Avinor sitt eige Intranett. I tillegg har kvar enkelt flyplass, kontrollsentral eller anna organisatorisk eining eit eige lokalt regelverk som gjeld berre for dei. Dette er basert på fellesmalane i det sentrale regelverket, men inneheld lokale detaljar som er skildra av tenestemennene ved eininga.

