Risikostyring
Risikoanalyse: avdekkje moglege veikskapar i framkant
Avvikssystem: rapportere og følgje opp meldingar
Revisjon: sjekke om Avinor blir drive i samsvar med krav frå styresmakter og eigne krav
Undersøkingar: lære av feil og hendingar
Alle metodane har same hovudmålsetnad - å identifisere veikskapar - vurdere om vi er gode nok - og deretter eventuelt setje i verk tiltak.
God sikkerheit er avhengig av eit godt samspel der menneskelege faktorar, tekniske system og organisasjonar (flyselskap, flygeleiarar, flyprodusentar, bakkepersonell, drivstoff, security osv.) i fellesskap medverkar til å oppnå god heilskapleg sikkerheit. Haldingskampanjar, sjekklister og aktiv bruk av meldingssystemet Mesys set fokus på ansvaret den enkelte har for å tenkje sikkerheit.
Les meir om dei metodane vi bruker:
Risikoanalysar
Identifisere farar
Vurdere konsekvens og sannsyn
Etablere risikobilete
Vurdere om risikoen kan aksepterast
Setje i verk risikoreduserande tiltak
Risikoanalysar blir utførte på ei rekkje område. Frå detaljerte tekniske system (radar, navigasjon etc.), via risiko knytt til anleggsarbeid, til eit meir overordna nivå der ein ser på alle fasar i ei flyging sedd frå piloten sin ståstad.
Avvik/Meldingssystem
Dersom det oppstår ei hending som inneber risiko, eller ein observerer eit avvik frå normale rutinar er kvar enkelt tenestemann pålagd å melde dette inn i eit databasert system for avviksbehandling.
Der vil meldinga eller hendinga bli undersøkt av spesialistar, som vil føreslå tiltak som kan eliminere gjentaking av avviket. Dette er ein svært aktiv prosess i Avinor, der eit stort tal meldingar heile tida ligg i systemet og blir prosesserte for å oppnå den optimale sikkerheiten og arbeidsflyten i alle ledd av organisasjonen.
Revisjonar
Alle flyplassane og administrative einingar i Avinor blir regelmessig reviderte av eit eige revisjonsteam for å sjekke at alle rutinar blir følgde, og at personellet er innforstått med oppgåvene sine. Det blir også kontrollert at alt nødvendig teknisk utstyr er på plass, og at det fungerer som det skal.
I tillegg blir praktiske ting som gjerder, portar, tilførselsvegar, sperringar, vegetasjon, reservekraftforsyning og liknande sjekka og godkjende av teamet, som består av fleire fagrevisorar med detaljkunnskapar innan sine felt.
Luftfartstilsynet har det overordna tilsynet med sivil luftfart i Noreg. Dei fører derfor eit systemtilsyn med Avinor, flyselskap osv. for å verifisere at våre eigne revisjonar fangar opp feil og avvik i alle delar av organisasjonen.
Undersøkingar av hendingar
Kva skjedde og korleis unngå at det skjer på nytt? Undersøkingar av luftfartshendingar i Avinor.
Luftfartshending er eit driftsavbrot, ein feil eller eit anna uregelmessig omstende, som har eller kan ha påverka flysikkerheiten, og som ikkje har medført ei ulukke.
Det skal gjennomførast interne undersøkingar av alle luftfartshendingar der eitt eller fleire ledd i flysikringstenesta eller bakketenesta har vore, eller kan ha vore, ein medverkande faktor. Når det skjer ei alvorleg luftfartshending i Avinor, blir det etablert ei gruppe med ”internundersøkjarar”. Oppgåva for undersøkjargruppa er i korte trekk å avklare kva som skjedde, korleis det skjedde, kvifor det skjedde og kva som kan gjerast for å unngå at ei tilsvarande hending skal skje på nytt. Fokus i arbeidet er å finne årsakene som ligg attom hendinga og unngå å fordele skuld.
Resultatet av arbeidet i gruppa blir presentert i ein rapport, som er eit viktig verkemiddel internt for å betre flysikkerheiten. Statens havarikommisjon for transport (SHT) gjer i tillegg eigne undersøkingar av utvalde luftfartshendingar.

