Sikker ferdsel på flyplassen
Systematisk arbeid med sikker ferdsel er kanskje det aller viktigaste tiltaket for å redusere faren for konflikt eller kollisjon mellom luftfartøy og køyretøy eller anna luftfartøy på rullebaner, taksebaner eller på oppstillingsplattform.
Avinor har retningslinjer for korleis vi sjølv og våre samarbeidspartnarar og besøkande skal opptre på flyside. Konsekvensane dersom det går gale her kan vere formidable og svært omfattande.
Luftfartstilsynet har laga reglar for regulering av aktiviteten på flyplassen slik at det ikkje oppstår fare for personar eller skade på luftfartøy, køyretøy og anna utstyr som er på flyplassen. Det er også krav om særskilt løyve frå flyplassjef for å kunne ferdast på dei avsperra områda på flyplassen.
Skal du ferdast på flyside? Last ned ferdselsreglane i tabellen under:
(NB! Lenkjer i dei lokale ferdselsreglane verkar ikkje her)
Sist oppdatert: 11.01.2012

