Flysikkerheit
Flysikkerheit er vern mot tilfeldige feil både hjå menneske og ved utstyr.
Flysikkerheit er å gardere seg mot tilfeldige feil skapte av menneske eller svikt i teknisk utstyr. For å auke sikkerheiten til passasjerane er alle ting som kan tenkjast å gå gale, analysert til minste detalj. Basert på analysane og årelang internasjonal røynsle er det utarbeidd eit detaljert regelverk med instruksar og prosedyrar for alle som arbeider innanfor profesjonell luftfart.
Sikkerheit i lufta
Flygeleiarar syter for at flya held stor nok avstand frå kvarandre i lufta. Dette blir kalla åtskiljing, og det er sams internasjonale krav til dette i dei ulike fasane av ei flyging.
Flygeleiarar er trena på situasjonar med stor trafikk. Ved hjelp av radarbilete og databasert planleggingsverktøy syter dei for at fly på veg inn for landing kjem inn etter kvarandre med tilstrekkeleg sikkerheitsavstand. Sjølv når flyene kjem inn frå mange retningar med ulik fart og høgd, må dei kunne handtere annan tilfeldig flytrafikk, og naudsituasjonar som måtte oppstå.
Sikre innarbeidde rutinar og regelmessig simulatortrening på vanskelege situasjonar gjer at dei er godt førebudde på å klare denne jobben på ein profesjonell og sikker måte.
Sikkerheit på bakken
Sikkerheiten mot samanstøyt skal også vere høg på sjølve flyplassen. Flygeleiarar syter for at fly og køyretøy på bakken blir haldne frå kvarandre med radiokommunikasjon og strenge rutinar på ferdsel. Alle tilsette på ein flyplass må gå gjennom omfattande opplæring i regelverket for ferdsel på innsida av flyplassgjerdet før dei får lov å arbeide sjølvstendig på flyplassen.
Skilting
Oppmerking og skilting av flyplassen skal ikkje kunne misforståast. Alle taksebaner og rullebaner er godt skilta med internasjonale kodar som viser kvar ein er på flyplassen og kvar ein er på veg. Innkøyringane til rullebanene er ekstra godt markerte med både blinklys og ”Runway ahead” måla på asfalten i eit stort raudt felt for å hindre at nokon uforvarande taksar inn på ei rullebane utan klarering.
Vedlikehald
Det blir stilt store krav til reingjering og kvalitet på manøvreringsområdet der flya ferdast; dvs. rullebaner, taksebaner og oppstillingsplassar. Plasstenesta syter til kvar tid for å halde områda reine for småstein, snø, is og andre uønskte objekt. Manøvreringsområdet blir inspisert med bil jamleg for å kontrollere at det ikkje er uønskte objekt der. Slike objekt vil kunne føre til punkteringar eller at ting blir sogne inn i motorar.
Bremseeffekt på rullebana
Under kraftig regnvêr vil vatn på overflata av asfalten føre til vassplaning. Det kan føre til at flya ikkje greier å stoppe før rullebana tek slutt, eller at dei mister styringa og køyrer utfor ein av sidekantane. For å forhindre dette er asfalten på rullebana rilla tett med tverrstriper for å drenere vekk vatn. Det er også viktig med god bremseeffekt ved avgang fordi ein kan få tilfelle der avgangen må avbrytast. Då skal ein kunne stoppe på den delen av rullebana som er att.
Under vinterforhold er det snø og is som kan gjere rullebanene glatte. Derfor fjernar ein dette heilt ned til asfalten under heile vinterperioden. Under forhold der det snør er det sett ei maksimum snødjupn for landing og avgang. Dersom ein overskrir dette, blir fly på veg til å lande lagde i ventemønster i sikker høgd medan plasstenesta fjernar snøen. På store flyplassar med stor trafikk gjer ein dette svært effektivt med kolonnar av fleire brøytemaskiner som køyrer etter kvarandre i plogformasjon. På den måten klargjer ein ei rullebane på nokre få minutt.

Brann- og redningstenesta står i beredskap om eit havari eller noko anna alvorleg skulle skje på eller i nærleiken av flyplassen. Dette er godt trena mannskap der det blir stilt store krav til at dei er fysisk skikka. Under landing og avgang er mannskapa i ein posisjon der dei kan rykkje ut til skadestaden på sekund. Ein held jamlege øvingar for å kontrollere at maksimaltida for full utrykking til utkanten av flyplassområdet blir halden. Dersom det skjer ulukker utanfor flyplassen, er det køyreportar i kvar baneende som kan opnast raskt.
Sikkerheitsutstyr
Lysanlegg
Det er viktig at pilotane har gode visuelle referansar som ikkje kan misforståast når flya skal takse på flyplassen. Derfor er det ein internasjonal standard på alle lysanlegg som markerer rullebaner og taksebaner i mørke. Rullebanene har lys langs kantane der start og ende er markerte med høvesvis grøne og raude lysbarar.
Ved innflyging til ein flyplass er det plassert ei 900 meter lang lysrekkje med tverrbarar i forlenginga av rullebana. Den viser den nøyaktige innflygingskursen i mørket eller i svært dårleg sikt, og vil gjere det mogleg for piloten å finjustere kursen dei siste sekunda slik at flyet vil lande midt på senterlinja i rullebana. Lysa er sette opp i eit bestemt mønster slik at piloten også kan sjå kor langt der er att til rullebana.
Eit anna lysanlegg med raude og kvite lys viser om flyet har riktig høgd og innflygingsvinkel. Er flyet for høgt ser piloten fleire kvite, og er det for lågt fleire raude lys. Ved å ha korrekt innflygingsvinkel vil flyet lande på riktig stad på bana, og bruke kortast mogleg rullebane ved oppbremsing. Dette er viktig spesielt på korte eller glatte baner.
Radionavigasjonsanlegg
Luftfartstilpassa radionavigasjonsanlegg leier flya langs rutene deira i all slags vêr. Anlegg for områdenavigasjon er plassert nær flyplassar eller på høgdedrag langs flyrutene for å gje flya signal dei kan følgje for å fly frå ein landsdel til ein annan, og til å finne fram til det området i nærleiken av ein flyplass der innflyginga startar.
For innflyging og landing er det sett opp instrumentlandingssystem (ILS) for dei aller fleste rullebaner. Desse leier flya inn elektronisk med radiosignal på ei linje som fører dei ned til innflygingslysa før bana. Piloten må ha visuell kontakt med rullebana dei siste sekunda før landing fordi ein gjennomfører sjølve landinga manuelt. På nokre rullebaner er ILS-anlegget spesielt laga for å kunne lande automatisk sjølv i svært tett tåke. Det er då krav om eit heilt spesielt lysanlegg med nedfelte lys i rullebana, noko som er svært kostbart.
Radaranlegg
I dagens lufttrafikk er all kommersiell trafikk synleg på radarskjermar under heile flyturen, og flygeleiarar følgjer flya på rutene og ser nøyaktig kva for ruter og høgder flya følgjer. Flygeleiarane gjev klareringar og instruksjonar som syter for å halde flya åtskilde frå kvarandre med store marginar. Det er fleire radaranlegg som overlappar dekningsområda til kvarandre, og det ein flygeleiar ser, er basert på eit stort landsbasert nettverk av radarar. Heile landet skal dekkjast av radarovervaking. Det står att å dekkje Finnmark, og dette er under utbygging.
Kontrollflyging
Radionavigasjonsanlegga sender ut signal etter svært strenge spesifikasjonar og små feilmarginar. Sikkerheiten ligg i at anlegga vil setje seg sjølv ut av funksjon dersom signala kjem utanfor dei tillatne toleransane. For å kontrollere alt dette bruker ein eit spesielt kontrollfly som måler signala frå anlegga mellom éin og fire gonger i året, avhengig av type anlegg. I tillegg kontrollerer flyet alle nye flygemønster for innflyging til kvar ein flyplass, og kontrollerer at dekkinga og kvaliteten på signala for alle system er i orden.
Informasjonssystem
Datamaskinene og radarsystema i flya er fylte opp med mål og data om norsk luftrom og flyplassar. Pilotar og flygeleiarar held seg dermed oppdaterte på alle luftromsgrenser, høgdeavgrensingar, posisjonar på rullebaner, lengder etc.
Kunngjering av flyplassdata
Alle sikkerheitskritiske data om flyplassar, flygemønster og navigasjonssystem går gjennom nitidige kontrollar gjennom fleire instansar før dei slepp inn i databankane og radarsystema i flya. Systemet er basert på eit svært strengt internasjonalt regelverk som alle land utfører med same kontrollmetode. Eit viktig krav er at alle data må kunne sporast gjennom alle ledd i ettertid.
Sist oppdatert 30. mars 2012

