Sikkerheitskontroll
Vern mot handlingar andre ønskjer å gjere mot oss. For å hindre at slikt skal kunne skje gjennomfører vi securitytiltak som:
Sikkerheitskontroll med passasjerar, bagasje og frakt
På alle Avinor sine lufthamner blir det gjennomført sikkerheitskontroll av passasjerar, bagasje og frakt. Kontrollen blir gjennomført for å hindre at nokon tek med seg ein gjenstand som kan brukast til å utføre ei ulovleg handlig eller anslag mot luftfarta. Sikkerheitskontrollen kan gjennomførast med bruk av teknisk utstyr som t.d. røntgenmaskiner og metalldetektorportalar. I tillegg kan det gjennomførast manuell kontroll.
Tilgangskontroll til flyplassområdet
Tilgangen til dei sikkerheitsavgrensa områda på flyplassane er underlagd kontroll for å sikre at ingen uvedkomande kjem inn på områda, attåt å sikre at ingen forbodne gjenstandar kan bringast inn på dei sikkerheitsavgrensa områda på flyplassane eller om bord i eit luftfartøy. Alle som skal arbeide innanfor desse områda må ha utferda ID-kort. Kontrollen blir gjennomført både overfor personar, køyretøy og frakt av varer som skal inn på flyplassområdet.
Inngjerding av flyplassar
For å hindre eller forseinke uautorisert tilgang til flysida på flyplassane er det montert gjerder og portar rundt flyplassen. Gjerdet har også til oppgåve å hindre at dyr kjem inn på flyplassområdet, attåt å markere eigedomsgrense. Avinor har sett visse minimumskrav til gjerdestandarden avhengig av type flyplass. Dei strengaste krava er sette på dei store lufthamnene. Alle lufthamner skal likevel ha tilstrekkeleg inngjerding for å hindre eller forseinke ulovleg tilgang.
Patruljering og overvaking av flyplassområda
Det blir jamleg gjennomført patruljering og overvaking av flyplassområda for å forhindre ulovleg innpassering til flyplassen, og for å kunne avdekkje om dette har skjedd. Teknisk overvakingsutstyr blir brukt. I tillegg gjennomfører både Avinor-personell og innleigd vaktpersonell jamleg patruljering av gjerde, bygg og anlegg.
Dei fleste av tiltaka nemnde ovanfor er baserte på krav frå styresmakter fastsette av Luftfartstilsynet basert på krav frå EU.
Sist oppdatert 30. mars 2012

