Avinors historie
Frå Luftfartsdirektoratet til Avinor
1947: Luftfartsdirektoratet blir etablert i Samferdselsdepartementet
1978: Endrar namn til Luftfartsverket
1992: Oslo Hovedflyplass AS blir etablert
1996: Oslo Hovedflyplass skiftar namn til Oslo Lufthavn AS
1997: Overtek regionale lufthamner (29)
1998: Opninga av Oslo Lufthavn Gardermoen (OSL)
2002: Stortinget vedtek å omdanne Luftfartsverket til 100 prosent statleg eigd aksjeselskap
2003: Aksjeselskapet Avinor etablert (100 prosent eigd av Samferdselsdepartementet)
2004: Ny organisasjonsstruktur med fire divisjonar - og dotterselskapet OSL:
- Divisjon store lufthamner (5)
- Divisjon mellomstore lufthamner (11)
- Divisjon regionale lufthamner (29)
- Flysikringsdivisjonen
- Oslo Lufthavn AS
Avinor museum
Avinor Museum er ein integrert del av Norsk Luftfartsmuseum som ligg i Bodø. Museet vart opna 15. mai 1994 og viser utviklinga i norsk luftfart både sivilt og militært.
Museet tilbyr den fremste kunnskapen om norsk luftfartshistorie. Her er det fly, naturlegvis, men også forteljingar, opplevingar og mykje anna spennande – alt saman bygd opp av menneske med glød og engasjement for historia og med eit ønske om at akkurat du skal få ta del i det heile.
Avinor sin del av utstillinga tek utgangspunkt i ei flyreise der vi ønskjer å presentere det inntrykket passasjerane får ved ein flytur. Dette blir presentert i ei form som gjev plass til historiske tilbakeblikk , samtids- og framtidsinformasjon.
Den sivile delen av museet viser også fly og gjenstandar frå dei fleste aktørar innan sivil luftfart. Siste ”skot på stamma” er ”Olav Kyrre” som var Braathens første jetfly (F28). Flyet vart henta ”heim” frå Peru, restaurert og står no som ein del av utstillinga.
For den som besøker museet, er ein tur gjennom den militære delen ein heilt naturleg del av besøket. Utstillinga her viser først og fremst vår eiga militære historie, men også andre nasjonar som har militærhistorisk tilknyting til norsk historie eller Noreg.
Til oppbygging av Avinors del av utstillinga har det kome bidrag frå mange lufthamner. Det gamle tårnet på Namsos vart for nokre år sidan frakta til Bodø og står no plassert på taket til eit nytt garasjeanlegg som husar gamle brannbilar frå Røros og Fornebu.
Ved sida av står radardomen som i si tid var den første sivile radaren i Noreg og som var plassert på Haukåsen i Oslo. Han inneheld no radarutstyr frå Koksa på Fornebu.
Avinor sitt bibliotek med alle bøker og publikasjonar vart overført til Norsk Luftfartsmuseum i 2004. Du kan få tilgang til desse og mange andre dokument ved å vende deg til Norsk Luftfartsmuseum.
Dei siste åra har museet hatt ei jamn tilstrøyming av besøkande og gjennomsnittet for dei siste 5 åra ligg på ca 43.000.
Er du i Bodø bør du setje av nokre timar til eit besøk ved Norsk Luftfartsmuseum.
| Kontakt Avinor Museum | |
|---|---|
| Telefon: | 75 50 78 50 |
| E-post: | flymuseum@luftfart.museum.no |
| Internett: | luftfart.museum.no |
Sist oppdatert 27. april 2012

