Planar
Avinors bidrag til Nasjonal transportplan 2014-2023
Last ned: NTP Avinor 2014-2023
Nasjonal transportplan
Regjeringa legg kvart fjerde år fram ei stortingsmelding om den samla transportsektoren i landet.
Hovudvekta er lagt på infrastruktur for veg og jernbane, men også hamner, farleier og infrastrukturen for luftfarta er med. Sidan Avinor er eit aksjeselskap, omfattar ikkje meldinga økonomiske rammer for luftfartsinfrastrukturen.
Den siste stortingsmeldinga vart lagt fram 13. mars 2009, jf. St.meld. nr. 16 (2008-2009) Nasjonal transportplan 2010 – 2019.
Last ned: Nasjonal transportplan
Sektorplan for Avinor - Perspektiv mot 2040
Sektorplanen er utarbeidd som eit ledd i arbeidet med Nasjonal transportplan 2010 - 2019 og inneheld behov og potensial for utvikling av infrastrukturen for luftfarta i eit langsiktig perspektiv. Sektorplanen var på høyring fram til 1. februar 2007.
Last ned: Sektorplan for Avinor
Avinors oppfølgjing av regjeringa sin nordområdestrategi - Innspel til Nasjonal transportplan 2010 - 2019
Transportetatane og Avinor fekk i brev av 21. februar 2007 eit oppdrag knytt til oppfølgjinga av regjeringa sin nordområdestrategi for transportsektoren. Det gjekk fram at arbeidet skal inngå som ein del av grunnlagsmaterialet til Nasjonal transportplan 2010 - 2019.
Etatane og Avinor presenterer hovudfunn og konklusjonar frå arbeidet med nordområdestrategien i framlegget til Nasjonal transportplan 2010 - 2019, som vart lagt fram 17. januar 2008.
Med bakgrunn i dei mange viktige problemstillingane som er tekne opp i oppdragsbrevet, har Avinor gjennomført eit relativt omfattande arbeid med luftfart i nordområda. Avinor har valt å utarbeide føreliggjande rapport som utdjupar bakgrunnsmateriale, vurderingar, funn og konklusjonar.
Last ned: Avinors oppfølging av regjeringa sin nordområdestrategi
Verksemdplan for Avinor
I samsvar med § 10 i vedtektene skal styret i Avinor kvart år leggje fram ein plan for verksemda for samferdselsministeren.
Kvart andre år dannar planen grunnlag for Samferdselsdepartementet sitt arbeid med eigarmeldinga. Avinor sin plan for verksemda for perioden 2010 – 2013 vart lagt fram 27. august 2010.
Last ned: Avinors verksemdsplan for 2010-13
Avinor sin landsverneplan
Arbeidet med Avinors landsverneplan starta med eit forprosjekt hausten 2005 og vart fullført hausten 2008. Prosjektet har hatt fagleg oppfølging frå Riksantikvaren, Statens Kulturhistoriske Eiendommer og Forsvarsbygg.
Avinor er ein av dei store aktørane innan norsk samferdsel, og ein sentral del av luftfartskulturen i landet, ein kultur som har røter attende til tidleg på 1900-talet.
For å få ei samla oversikt over kulturminne og kulturmiljø ønskte leiinga i Avinor å kartleggje alle Avinor sine lufthamner i nasjonal samanheng.
Gå til: Landsverneplanen
Sist oppdatert 27. april 2012

