Avfall
Flyplassaktivitet generer avfall både frå passasjerar, flyselskap, handlingselskap, cateringverksemd, leigetakarar og verksemda Avinor sjølv står for.
Avfall frå passasjerar
På OSL er det tilrettelagt for avfallssortering av passasjeravfall. I terminalen kan passasjerar sjølve sortere sitt eige avfall i tre ulike dunkar for papir, flasker og restavfall.
Det blir arbeidd med tilsvarande løysing for sortering i terminalen også på andre lufthamner.
Kjeldesortering hjå Avinor
Avinor har inngått ein sentral renovasjonsavtale som inneber at nesten alle lufthamner no får ei moderne avfallshandtering. Ordninga inneber auka fokus på kjeldesortering og betra avfallshandtering, og set krav til omfattande og heilskapleg rapportering av avfallsmengder, sorteringsgrad og klimagassutslepp.
Den tette oppfølginga frå renovatøren av avfallsplanane ved lufthamnene skal medverke til auka medvit, auka sortering, og reduksjon i avfallsmengda på kvar lufthamn.
Miljøkrav til leverandørar
Avinor er kontrollmedlem i Grønt Punkt Noreg. Det inneber at dei norske leverandørane våre også må vere medlem i Grønt Punkt Noreg eller tilsvarande ordning for innsamling og gjenvinning av brukt emballasje.
Grønt punkt Noreg AS er næringslivet sin reiskap for å oppfylle EU-krav til gjenvinning. Gjennom medlemskapen tek Avinor miljøansvar ved å medverke til å sikre finansiering av returordningane for emballasje. Meir informasjon? Sjå Grønt Punkt Noreg

