Vern av vatn og grunn

Avinor ønskjer å avgrense utsleppa til vatn og grunn mest mogleg.

Ureinande verksemd krev løyve etter ureiningslova, og Avinor har motteke utsleppsløyve for konsesjonspliktige aktivitetar for nesten alle flyplassane. Vurdering av lokale resipientforhold er ein viktig del av grunnlaget for søknadene.

Rundt flyplassar der det er sårbar naturresipient, blir det gjennomført overvakingsprogram for å kontrollere at aktiviteten ved flyplassen ikkje påverkar naturen. Dette kan vere målestasjonar i overvassleidningar, bekker eller grunnvassbrønnar der avrenninga frå flyplassen renn.


Klikk på bileta for stor versjon av biletserien

Flyavising

Baneavising

Brannøving

Ureina grunn