Flystøy
Støy er truleg det miljøtemaet befolkninga rundt flyplassane er mest opptekne av. Avinor arbeider for å redusere støyen mest mogleg. Det krev store ressursar til kartlegging og overvaking, i tillegg til planlegging og gjennomføring av ulike tiltak
Klikk på bileta for stor versjon av biletserien
Kva er flystøy?
Nesten all menneskeleg aktivitet lagar lyd. Nokre gonger oppfattar vi lyden som behageleg, t.d. musikk, medan andre gonger oppfattar vi aktiviteten som nyttig, føresett at lyden frå han ikkje går over eit visst nivå (t.d. bilkøyring, plenklipping og flygingar). Mange lydar av denne typen går likevel over akseptable nivå for personen som blir utsett for dei. På denne måten kan lyden bli uønskt, plagsam, forstyrrande eller til og med helseskadeleg. Først når han blir uønskt, kallar vi lyden for støy. Støy kan føre til søvnforstyrringar, kommunikasjonsforstyrringar, redsel, irritasjon og redusert trivsel.
Støy frå fly og flyplass
Støy frå flyplassområde skriv seg i all hovudsak frå fly som tek av, landar eller taksar, men også frå bakkekøyretøy, aggregat, flymotortesting og liknande. Støy frå fly har eigenskapar som gjer han ulik annan trafikkstøy. Ei overflyging varer lenge, og støynivået varierer mykje frå gong til gong. Flytrafikk følgjer ikkje faste baner på lik linje med bilar og tog, og hørsla vår er var for dei frekvensane som flystøy er dominert av. Flystøyen vil variere etter kva flytypar og kor mange fly som bruker ein flyplass. Rullebanebruk, tilbakelagt trasé, terrengforhold og vêr vil også spele inn på flystøyen i omgjevnadene. Du finn meir informasjon om støyindikatorar litt lenger ned på denne sida.
Målsetnad for arbeidet med støyreduksjon
Den overordna støymålsetnaden for Avinor
Avinor sitt mål er å arbeide for å redusere støybelastninga frå sivil luftfart i Noreg. Dette gjer Avinor ved heile tida å overvake og jamleg oppdatere støysonekart for lufthamnene. Avinor har ansvar for støykartlegging ved 43 lufthamner.
God organisering av luftrommet er viktig for å planleggje flygingar slik at flystøy blir redusert mest mogleg. Støyomsyn er også vareteke i planlegginga og gjennomføringa av utbyggingsprosjekt, restriksjonar på opningstider og fysiske
støyavgrensingar slik som støyvollar. Ved behov gjennomfører Avinor fasadeisoleringstiltak for å sikre akseptable innandørs støyforhold. Gjennom internasjonale organisasjonar som ICAO og ACI medverkar Avinor også til teknologiforbetringar og utvikling av støysvake inn- og utflygingsmetodar.
Nasjonalt mål for støy
Den nasjonale støymålsetnaden for regjeringa er at støyplagene skal reduserast med 10 prosent innan 2010 i forhold til 1999. Den sist oppdaterte kartlegginga frå Statistisk sentralbyrå viser at støyplagene frå luftfarta per 2007 var redusert med 13 prosent.
Tiltak for å redusere flystøy
Støysvake fly
Det blir utvikla stadig mindre støyande fly. Internasjonalt blir det også arbeidd for ei gradvis innskjerping av støykrava. I Noreg stiller Luftfartstilsynet støykrav til dei luftfartøya som skal trafikkere norsk luftrom. Kvart fly har eit støysertifikat som plasserer det i ein klasse etter kor mykje det støyar.
Miljørelaterte avgifter
På Oslo Lufthavn Gardermoen er det ei eiga nattavgift for alle flygingar i perioden 24.00 – 06.00. Intensjonen med avgifta er å avgrense talet på nattflygingar.
Føring av flytrasear
Under landing og avgang skal flya følgje faste prosedyrar. Dette er viktig både ut frå omsynet til tryggleik og miljø. Ein unngår overflyging av bustadområde og andre støyfølsame område dersom det er mogleg. Flysikringstenesta, som utarbeider slike prosedyrar, samarbeider med Miljøavdelinga for å sikre best mogleg effekt av støyreduksjonstiltaka.
Restriksjonar på opningstid
Eit EU-direktiv opnar for å avgrense bruken av dei mest støyande flya på flyplassar som ligg nær bysentra. Oslo Lufthavn, Gardermoen er den einaste flyplassen i Noreg der det er sett avgrensingar i opningstid for dei mest støyande flya. Om natta har berre dei minst støyande flyene høve til å trafikkere flyplassen.
Støyvollar
Ved fleire flyplassar er det bygd vollar eller andre innretningar for å redusere støyen i naboområda. Ved Bodø lufthavn fungerer terminalbygningen som ein effektiv støyskjerm mot delar av byen, og på Oslo Lufthavn Gardermoen er det bygd støyvollar. Det er bygd støydempande anlegg for motortesting (populært kalla rusegroper) ved Stavanger lufthavn, Sola og på Gardermoen.
Støyisolering
Avinor gjennomfører støyisoleringstiltak der det er behov for det etter miljølovgjevinga. Ved utgreiing, prosjektering og gjennomføring av tiltak følgjer Avinor ein standard planleggingsprosess. Dei vanlegaste isoleringstiltaka er nye vindauge og støydempande lufteventilar.
Kor mange er utsette for flystøy?
Opplevinga av støy varierer frå person til person, og somme kan oppleve seg som plaga sjølv om støynivået er under dei verdiane regelverket fastset som akseptable.
Omtrent 1,5 millionar menneske i Noreg er utsette for støy over 55 dBA frå ulike kjelder. Av desse er omtrent 28.000 personar (om lag 2 prosent) utsette for flystøy på dette nivået. Ytterlegare nesten 50 000 er utsette for flystøy frå 50 til 55 dBA.
Støyindikatorar
Å skildre støy er vanskeleg, først og fremst fordi opplevinga av støy varierer. Det er vanleg å skildre støyulemper ved å gje opp talet på personar som er busette i område med ulike støynivå. For å fange opp ulike typar ulemper som følgje av flystøy, måler og bereknar vi både maksimalnivå og gjennomsnittsnivå. I tillegg kartlegg vi sjenansen knytt til ulike støykjelder gjennom indikatorane personar sterkt plaga (PSP) og støyplageindeks (SPI).
Les meir: Faktaark støyindikatorer
Fly som støykjelde
Total støyplage på nasjonalt nivå har auka med om lag 9 prosent frå 1999 til 2007. Av total SPI er det likevel berre 4 prosent som kjem frå luftfarta, og støyplaga frå fly viser ein reduksjon på 13 prosent frå 1999.
Støyplageindeks (SPI) per sektor:

Kilde: SSB 2009
Kartlegging av flystøy
Utandørs støy
Avinor kartlegg kontinuerleg utandørs støynivå ved alle statsåtte sivile lufthamner, dvs. 43 lufthamner. Forsvarsbygg har tilsvarande ansvar for dei militære flyplassane. Kartlegginga munnar ut i eit flystøysonekart for kvar lufthamn.
Innandørs støy
Avinor gjennomfører også kartlegging av innandørs støy. Kapittel 5 om støy i forureiningsforskrifta (sjå lenkjer nedst på sida) pålegg alle anleggseigarar å gjennomføre kartlegging av innandørs nivå i heilårsbustader, barnehagar, helse- og undervisningsbygg dersom gjennomsnittsnivået er høgre enn 35 dBA. Dersom nivået går over 42 dBA skal flyplasseigar gjennomføre isoleringstiltak som fører nivået under tiltaksgrensa (sjå kapitlet om tiltak for meir informasjon).
Les meir: Faktaark status støykartlegging for Avinor sine lufthamner (per 1. januar 2011)
Flystøysoner
I Noreg reknar ein flystøysoner etter ”Retningslinje for behandling av støy i arealplanlegging” (T-1442) (sjå lenkjer nedst på sida). Denne retningslinja er utgjeven av Miljøverndepartementet, og er knytt opp til plan- og bygningslova.
Flystøysonene blir rekna som ein kombinasjon av gjennomsnittleg nivå for eit døgn basert på trafikk for eit heilt år, og eit typisk og ofte førekomande maksimalnivå for ei gjennomsnittsnatt (23.00-07.00) over året. Støyen blir gradert i to soner, gul og raud. I raud sone, der støynivået er høgast, er hovudregelen at støyfølsam busetnad skal unngåast. Gul støysone er ei vurderingssone der ny busetnad kan oppførast etter spesielle vilkår.
Arealbruk i flystøysoner
Karta skal vere ein del av avgjerdsgrunnlaget i kommunane ved behandling av planar og enkeltsaker i nærområda for flyplassane, og det er knytt tilrådingar til arealbruk i dei ulike sonene. Kommunane pliktar på si side å stille krav om støydemping av nye bustader slik at krava i byggjeforskriftene til innandørs støynivå blir tilfredsstilte. I mange tilfelle vil det vere nødvendig å gjennomføre ekstra tiltak på bustader heilt ut i gul støysone.
Støysonekart for alle lufthamner ligg på den enkelte lufthamnsida under "Om oss / For våre naboar / Miljøkart", velg lufthamn her.

Døme: Støysonekart for Ålesund lufthavn med raud og gul sone.
Lenkjer
Statens forureiningstilsyn (SFT):
Forureiningsforskrifta kapittel 5 om støy
Rettleiar til forskrifta kap.5 støy
Vegvisar til støyregelverket
Tema: støy
Miljøverndepartementet
Nasjonal målsetnad for reduksjon av støyplage
Retningslinjer for Arealbruk i flystøysoner
Rettleiar til retningslinja
Handlingsplan mot støy 2007 - 2011
Støylenkjar for andre organisasjonar:
Luftfartstilsynet
Fylkesmannen
Statistisk sentralbyrå
EU: Støy
Det europeiske miljøbyrået: Støy

