Luftkvalitet
Lokal luftkvalitet ved flyplassane blir påverka både av flytrafikk, bakkekøyretøy, bygningsmasse og annan aktivitet.
Ved forbrenning av drivstoff i forbrenningsmotorar blir gassar, forbrenningsprodukt og avfallsstoff frigjorde. Kva for stoff som blir sleppte ut, avheng av drivstofftype, motortype, motorpådrag og forbrenningstemperatur, men det er i hovudsak svevestøv og NO2 som påverkar den lokale luftkvaliteten.
For både køyretøy og fly vil samansetjinga av utsleppa variere med motorbruken. Utslepp frå eit fly vil derfor ha ulike samansetjing under taksing, take-off, cruise og landing. For køyretøy vil samansetjinga av utsleppa vere ulik i raskt driv på motorvegen og i sakte fart ved terminalen.
Påverknaden på lokal luftkvalitet avheng av både utsleppshøgd og meteorologiske forhold.
Verknader på luftkvalitet lokalt
Ved dei fleste flyplassane i Noreg er utluftingsforholda så gunstige at det ikkje førekjem luftureining i stort omfang. Overvaking av luftkvaliteten er berre aktuelt ved Gardermoen.
Gardermoen
Det har vore gjennomført større undersøkingar ved Gardermoen for å få oversikt over utsleppa og ureiningssituasjonen i området. Resultata viser at den største påverknaden frå flytrafikken på lokal luftkvalitet er å finne ved rullebaneendane der avgangar startar.
Ved terminalbygget er biltrafikken den største ureiningskjelda. Konsentrasjonane i desse områda vinterstid kan overskride dei tilrådde luftkvalitetskriteria som Statens Forureiningstilsyn har utarbeidd, men er godt innanfor krava i forskrifta. Resultat frå måling av lokal luftkvalitet ved Gardermoen kan lastast ned frå OSL sine nettsider.
Ved dei andre flyplassane er konsentrasjonane vurderte å vere innanfor dei tilrådde luftkvalitetskriteria. Konsentrasjonane er såleis så låge at det ikkje utløyser krav til overvaking eller tiltak etter forureiningsforskrifta.
Tiltak
Avinor tek likevel initiativ som kan medverke til å redusere lokale utslepp. Til dømes gjer ein tiltak for å få folk til å reise meir miljøvenleg til og frå flyplassane, det blir innført parkeringsavgifter og lagt til rette for gratis parkering av el-bilar. Ei rekkje tiltak som blir gjennomførte for å redusere klimagassutslepp har også gunstig effekt på lokal luftkvalitet (se eige menypunkt for klima).
Lenkjer
Statens forureiningstilsyn
Statistisk Sentralbyrå
Oslo Lufthavn si overvaking av luftkvaliteten ved Gardermoen
Har du tips til lenkjer som burde vore med her? Send framlegget til digitalemedier@avinor.no.

