Avinor og miljø

Luftfarta fyller eit viktig samfunnsbehov som kollektivtransport over lange avstandar. Som all annan transport påverkar også luftfarta miljøet negativt. Avinor arbeider for å redusere påverknaden mest mogleg lokalt og globalt.

Viktige miljøtiltak er å redusere:

Rapport: Berekraftig luftfart

Utslepp frå flytrafikken er den største miljøutfordringa for luftfarta. Avinor har som mål å vere ein pådrivar i arbeidet med å redusere miljøpåverknaden, og arbeider tett med dei andre aktørane i norsk luftfart. Saman med SAS, Norwegian og Widerøe la vi i 2007 fram rapporten "Bærekraftig og samfunnsnyttig luftfart". Rapporten drøftar klimapåverknaden frå norsk luftfart og potensialet for utsleppsreduksjon i perioden fram til 2020. Ein oppdatert rapport blei publisert våren 2011.

Har du spørsmål om luftfart og miljø?

På miljøsidene kan du lese meir om korleis luftfart påverkar miljøet, og kva Avinor og luftfartsbransjen gjer for å redusere utsleppa. Har du spørsmål, svarer våre miljøkontaktar gjerne.

Les meir om luftfart og klima (pdf).